BBK 2018

onsdag 24. september 2014

Erna Osland kjem på bildebokkonferansen

Barne- og ungdomsforfattaren Erna Osland har nett avslutta eit bildeboksamarbeid med illustratøren Ingre Lise Belsvik. Resultatet vart den fascinerande og lærerike boka Under ein stein. Boka tar føre seg dei vanlegaste billene og småkrypa me kan finne under steiner i vår eigen hage.

Det er ikkje fyrste gongen Osland tar på seg å formidle kunnskap om natur og dyra som lever i den for born. Tidlegare har ho skrevet faktabøker om dyr i Skarpe tenner, Fint å ha far, Dyrebare vener, Vener med venger mfl.

Me gler oss til å høyre Erna Osland fortelje frå sitt lange forfattarskap på årets Bildebokkonferanse. Konferansen har dessutan har latt seg inspirer av Oslands siste bok i val av tittel: Å løfte på steiner.