Bildebokkonferansen

Bildebokkonferansen er et årlig arrangement ved Høgskolen i Sørøst-Norge, avd. Notodden. Målet med konferansen er å skape engasjement og interesse for bildeboka. Vi vet at denne møteplassen er spesielt viktig for bevisstgjøring i bruk av bildebøker, og generelt at den er av stor betydning for alle som jobber med barn og unge. Få derfor med deg årets bildebokkonferanse og be med deg alle du er glad i, gjennom bilde og ord blir verden stor!

fredag 10. mai 2013

Den digitale bildeboka


Hordan gikk det? av Tove Janson, Når alle sover av 
Nicolai Holm, illustrasjon Rune Markhus 
og Cinderella frå Nosy Crow 

Den digitale visuelle barnekulturen
Når vaksne snakkar om digital framtid, er dette for lengst barna si nåtid. Barn lev i ein kultur der dei blir visuelt bombardert kvar dag. Dette betyr ikkje at dei automatisk ervervar ei betre bildeforståing. Sansen for kvalitet veks fram gjennom faglig støtte i bildeavlesingssituasjonar, samt gjennom barnets eigen bildeskapande verksemd. Barn blir gode bildelesarar av å lage, vurdere og lese bilde, og på denne måten opparbeide medieerfaring og kompetanse.

Bildeboka
Bildeboka er et fleirmediaprodukt der tekst, bilde og design dannar ein heilskap. I dag eksperimenterer kunstnaren og illustratøren med nye teknikkar knytt til samtidas kunst- og kulturuttrykk. Bildeboka er, etter mi vurdering, ein eigna sjanger som utgangspunkt for arbeid med leseopplæring, bildelesing, estetisk oppleving og barns eigen tekst- og bildeskaping.

Bildeboka som applikasjon
Sal av bildebok som digitale applikasjonar (såkalla apps) har eksplodert. Mange av desse er eksisterande bildebøker som er overført til nettbrett, med ein opplesarstemme som tilleggsfunksjon. Slik kan små barn lese bøker utan vaksen frå dei er ganske små. Denne forma for adapsjon frå papirutgåve til e-bok er førebels den mest populære. Kanskje er det berre vaksne sitt nostalgiske forhold til papirboka som gjer at ein framleis held fast ved denne forma? 

Ved lesing av bildebøker i papirutgåver får forelderen den fulle merksemda frå barnet. Samstundes får eigenskapar som formatet på boka (stor eller liten, bredde eller høgde), papirtekstur og lukt spele ei rolle i den heilskapelege opplevinga av bildeboka. Sjølv om ein mister nokre dimensjoner ved adapsjonen til det digitale mediet, opnast det også for nye muligheiter. Her kan barn delta og skape sine egne historier, allereie frå dei er eit eller to år gamle.

Bildeboka i eit digitalt landskap
Bildeboka har streva med å bli anerkjent som eige medium. Den har lenge hamna mellom to stolar, mellom bildekunsten og litteraturen. No når bildeboka har etablert seg som eigen sjanger, må ho nok ein gong definer seg sjølv i møte med det nye digitale formatet. Bildebok som e-bok er ikkje bok, film eller spel åleine, men ein kombinasjon av desse. Bildeboka som e-bok er eit nytt og heilskapleg bildebokunivers.

Dette formatet manglar me kompetanse på. Her må foreldre og pedagogar delta slik at me blir kompetente til å legge til rette for god bruk av den mengde materiale som ligg tilgjengelig. Me må vite kva som er godt og kva som kjenneteiknar kvalitet. Kva skal til for at den litterære opplevinga oppretthaldas og vidareutviklast i eit nytt medium?

Det er gjort mange forsøk på dette, nokre gode, andre ikkje fullt så gode. Korleis skal ein adapsjon til eit nytt medium gå føre seg? Korleis kan formatet både forholda seg til det gamle samtidig som det skal vidareutviklast i det nye?

I artikkelen Bildebøker i et digitalt landskap (barnebokkritikken.no) deler Elise Seip Tønnesen den digital bilde-boka inn i tre ulike kategoriar:

Den fyrste kategorien er App som lydbok
Dette er eit høyrespel med bilde til. Her er det viktig at ein har nok bilde til at bilderytmen flyter godt i takt med lydmediet. Bilda bør vera rike. Det visuelle må holde på merksemda like lenge som opplesinga varer.

Det mest typiske eksemplet på tydelig gjenbruk av godt innearbeidet stoff er Karius og Baktus av Torbjørn Egner. Her får ein høyre Egners eigen forteljarstemme. Egners multimodale fortelling, med dramatiserte stemmer og musikk, egner seg godt til overføring. Et anna døme er Ruffen – serien til Tor Åge Bringsvær med teikningane til Thore Hansen. Her møter vi lett zooming og kamerarørsler som panorering og tilting. 

Boka Når alle sover av Nicolai Holm, med teikningar av Rune Markhus, har rike bilde som ein kan vera lenge i. Det er mykje tekst i denne boka, men sidan ein stadig kan oppdage nye ting i bilde, fungerer lydbildet og tekstbildet godt saman. Desse held like lenge på merksemda til lesaren. Boka er ei magisk forteljing om et uvanlig vennskap og om å tørre å gå sine eigne vegar.

Forlaga erfarer at dei bøkene som er mest tro mot bokformatet sel mest. Foreldre ønskjer tryggleik og ein motvekt til dei mange digitale spela, skriv Seip Tønnesen.

Den andre kategorien er App som spel (spinn-of produkter)
Dette er spel med utgangspunkt i litterære univers. Her er det ofte interaktive oppgåver som er plassert innafor ei forteljingsramme som minna om boka. Dømer på slike apper er Pippi frå bøkene til Astrid Lindgren og Gubben Pettersen Frå bøkene til Sven Nordquvist. Her får ein delta og leve seg inn i miljøa og karakterane frå dei kjente bøkene.

Den tredje kategorien er App som animert og klikkbart univers
Bildebokappen er her eit heilskapleg og litterært univers med plot og framdrift. Seip Tønnesen meiner dette er absolutt det mest spennande produktet. Her levendegjerast karakterane og ein får være med og løyse oppgåvene i historia og slik hjelpe hovudpersonane mot målet.

Døme på ei slik e-bok er Cinderella. Her kan ein klikke på og bli kjent med karakterane i historia. Det er tilfredsstillande å få hjelpe Askepott med å rydde, vaske og kle ste-søstrene til ball. Me kan også hjelpe feen med å trylle Askepott til prinsesse, samt med m.a. å velje kjole.

Dette er den type app som pedagogane ønskjer. Førskulelærar Cathrine Darre i Myrertoppen barnehage (http://myrertoppenbarnehage.blogspot.no) skriv at ho ønskjer at dei digitale verktøya skal brukast til noko meir enn å fortelle barna kva dei trenger å vite.  Ho ønskjer seg bort frå applikasjonar der en skal nå en masse førehandsdefinerte læringsmål. Gjennom faktaprega læring automatiseras lett kunnskap, utan at vi vet om ungane lærer noko. Ein bør i staden bruke teknologien til å skape engasjement hjå ungar ved at dei får bidrar sjølv, då vil dei lære meir.

Den gode digitale bildeboka
Bildeboka er opplagt ein tradisjon å bygge vidare på, men tilpassinga til eit nytt medium krev forståing for mediet. Dei beste bildebøkene på nettbrett er dei som tek godt vare på forteljinga, samtidig som dei gir mange muligheiter til å påverke det som skjer. Gode e-bildebøker skapar eit litterært univers og tek omsyn til mediets løfte om aktivitet. Me er i ei brytningstid der ein prøver å finne fram til ei god form på litterære apper for barn. Det krev ein vaken foreldre eller pedagog for å kunne orientere seg. Tilpassinga til eit nytt medium krev forståing for dei forventningane denne teknologien skaper hos brukaren. Appene konkurerar på ei internasjonal marknad, og i den mest kommersielle delen av marknaden fris det uhemma til barns medieerfaringar med heftig sansestimulering og mange handlingsmuligheiter. Slike apper fjernar seg frå den litterære opplevinga. Difor må me no bygge opp kunnskap og slik bli kompetente til å vurdere kva ein god litterær app skal vera.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar