Foto: Ingrid Holmboe Høibo |
Ungen i mørket
Kronikk i Klassekampen, Torsdag 17. september 2015, av Ingrid Holmboe
Høibo
Guten sit krumbøygd
og med si fulle merksemd vendt mot skjermen. Nokre gonger kjem latter andre
gonger song og prat. Ivrig tapping med finger mot skjerm. Merksemda er høg og
avleiing er vanskeleg. Han er nett fylt fire og sit aleine med eit av sine
fyrste kulturmøte.
I 82 % av dei norske heimane er iPaden eit dagleg
innslag. Barn i alderen 1-12 år bruker i snitt 43 minuttar på å spele
data-/TV-/mobilspell kvar dag (tal frå medietilsynet, 2014). På få år har barns
møte med kulturuttrykk endra seg totalt. Barne-TV til fastsett tid, sensurert
og presentert av TV-vert, er bytta med nett-TV. Dataspel, som ein tidlegare
måtte vera ganske stor for å kunne logge seg inn på, er no tilgjengeleg ved eit
fingertapp. Bøker presentert i eit fang ligg no tilgjengeleg med opplesarstemme
og integrerte moglegheiter for interaksjon med mediet. Ein kan teikne, filme,
fotografere og animere med iPaden, men kven sørgjer for at det som blir servert
barnet er av god kvalitet?
Dei siste fem åra
har salet og konsumet av nettbrett eksplodert. Særleg barn har fått stor
tilgang til dette mediet. Barn finn fram til dei applikasjonane dei ønskjer å
bruke sjølv. Dei lever i ein kultur der dei blir visuelt bombardert kvar dag,
og dei har lært seg å manøvrerer i dette mylderet av uttrykk. Mykje av
manøvreringa går på intuisjon. Nettbrett spelar nettopp på denne intuitive
måten å manøvrere på. Ofte er det kjennelege figurar, stereotypar og spin-off-produkt
frå TV og film som blir valt til fordel for meir utfordrande og mangfaldige
visuelle og tekstlege uttrykk.
For mange handlar det "å
gjer iPad" i stor grad om tidtrøyte og barnevakt. Ein skil ikkje på kva
denne bruke går ut på. Eg har gjort undersøkingar i barnehagar der iPad
samvitsfult er kjøpt inn, som eit ledd i målet om å utvikle såkalla digital
kompetanse. Men bruken av verktøyet har gått ut på å spele Angry birds, Lego, Kittykat
eller liknande, som ei løn for andre utførte aktivitetar eller oppgåver.
Denne typen aktivitet kan vera kjekk som underhalding, men den utviklar verken evna til
å lese bilde eller tekst, heller ikkje barnets kreativitet eller nysgjerrigheit.
Målet med slike apper er å nå ein masse førehandsdefinerte mål. Fascinasjonen for
spela kjem frå gjenkjenninga av figurar og den hyppige bruken av påskjønning og
repetisjon i applikasjonen.
Det seier seg sjølv at denne
typen applikasjonsaktivitet ikkje legg til rette for nokon litterær, biletleg
eller filmatisk kunstoppleving. Barn treng å utfordre, bygge og øve på sitt
visuelle og tekstlege vokabular, til dette treng dei gode kultur- og kunstmøte
som gir dei den breidda og kvaliteten dei fortener.
Mange av applikasjonane på
marknaden er så spekka av interaktive oppgåver, intens bruk av visuelle og
auditive effektar at dei ikkje gir plass til barnet sin eigen refleksjon. Førskulelærar
og pedagog Cathrine Darre i Myrertoppen barnehage, skriv at pedagogane ønskjer
at digitale verktøy skal brukast til noko meir enn å fortelle barna kva dei
trenger å vite. Ho ønskjer seg bort frå applikasjonar der ein skal nå ein
masse førehandsdefinerte læringsmål. Gjennom faktaprega læring automatiseras
lett kunnskap, utan at vi veit om ungane lærer noko. Ein bør i staden bruke
teknologien til å skape engasjement hjå ungar ved at dei får bidrar sjølv, då
vil dei lære meir.
Den digitale bildeboka har på få år blitt ein stor suksess, og sjølv om den ofte tek utganspunkt
i gode forteljingar er kvaliteten på det ein finn i Appstore og Googleplay
svært varierande. Søker ein vilkårleg etter barnebok, er det fyrst og fremst
dei kommersielle bildebøkene som dukkar opp. Særleg er det mange
bildebokapplikasjonar som baserer seg på kjente eventyr og forteljingar der
opphavsretten er gått ut.
Ein får også inntrykk av at bildebokapplikasjons-utviklarane
berre har eit minimum av visuell kompetanse. Dei spelar difor på klisjéaktig
uttrykk, sjablongar, fattige bilde og flate karakterar. Ofte brukar dei det som
er av effektar, og resultatet blir heftig sansestimmulering som endar opp i
bråk og kaos - utan innhald. Det er med andre ord mykje ræl.
På barnebokkritikken.no skriv Atle Berg at kritikken av norske barnebokappar nesten er
fråverande. Sjølv om dei fleste forlaga no har komme i gong med å lage og tilby
bildebokapplikasjonar, og salet av desse har steget i været, manglar me kriterium,
og omgrep for å kjenne att kvalitet. Sjølv om omfanget av bokapplikasjonar
aukar, salet og bruken aukar, blir det ikkje møtt med tilsvarande engasjement
frå litteraturkritikken. Ofte blir dei berre omtala med ein kort presentasjon,
ofte med fokus på funksjonslyte og eit terningkast. Kritikken tar ikkje opp den
litterære eller visuelle kvalliteten i bildebokapplikasjonen.
Slik det er no,
er det barnet sjølv som sit med oppgåva, ofte åleine utan nokon å drøfte dei
ulike kulturuttrykka og kunstopplevingane med. Me treng diskusjon og me treng
engasjement frå vaksne, frå vitarar innanfor dei ulike fagfelta. Me treng
pedagogar som har ambisjonar for barns møte med applikasjonar utover å opp øve
digital kompetanse.
Me treng vaksne som tek mediet på
alvor.
Barnet sin nærmaste vaksne må få
ein forbrukarguid, vokabular og kriterium å støtte seg på for å finne fram til
gode kunstmøte og kulturuttrykk på nettbrett.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar