BBK 2018

onsdag 9. oktober 2013

Gyrid Axe Øvsteng: Førstemamma på mars



HURRA! Me er så glade for at forfattar Gyrid Axe Øvsteng vil bidra på årets bildebokkonferanse med si nyaste og rykferske bildebok «Førstemamma på mars». No er programmet for årets bildebokkonferanse spekka av skattar frå bildebokfeltet. Skattane har til felles at dei uredde og direkte trekk fram utfordrande men viktige tema i dette unike formatet. Gå ikkje glipp av haustens høgdepunkt, som garantert vil bevege, røre og varme deg! 

Forfattar Gyrid Axe Øvsteng er, saman med illustratør Per Ragnar Møkleby, nett kome ut med bildeboka «Førstemamma på mars». Boka skildrar ei svært sår, men samtidig sterk forteljing om korleis ei lita jente opplever at mor er alvorleg sjuk. Gjennom ein sterk tekst og svært gripande bilde blir forteljinga skildra på ein måte som gjer at det er umulig ikkje å bli bevega. I årets bildebokkonferanase, med tema: Bildeboka som beveger, kunne me ikkje gå utanom denne fantastiske bildebokskatten. Me gler oss til å sjå og høyre Øvsteng formidle boka for oss!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar