HURRA! Me
er så glade for at forfattar Gyrid Axe Øvsteng vil bidra på årets
bildebokkonferanse med si nyaste og rykferske bildebok «Førstemamma på mars». No
er programmet for årets bildebokkonferanse spekka av skattar frå
bildebokfeltet. Skattane har til felles at dei uredde og direkte trekk fram
utfordrande men viktige tema i dette unike formatet. Gå ikkje glipp av haustens
høgdepunkt, som garantert vil bevege, røre og varme deg!
Forfattar
Gyrid Axe Øvsteng er, saman med illustratør Per Ragnar Møkleby, nett kome ut
med bildeboka «Førstemamma på mars». Boka skildrar ei svært sår, men samtidig
sterk forteljing om korleis ei lita jente opplever at mor er alvorleg sjuk.
Gjennom ein sterk tekst og svært gripande bilde blir forteljinga skildra på ein
måte som gjer at det er umulig ikkje å bli bevega. I årets bildebokkonferanase,
med tema: Bildeboka som beveger, kunne me ikkje gå utanom denne fantastiske
bildebokskatten. Me gler oss til å sjå og høyre Øvsteng formidle boka for oss!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar