Bildebokkonferansen

Bildebokkonferansen er et årlig arrangement ved Universitetet i Sørøst-Norge, avd. Notodden. Målet med konferansen er å skape engasjement og interesse for bildeboka. Vi vet at denne møteplassen er spesielt viktig for bevisstgjøring i bruk av bildebøker, og generelt at den er av stor betydning for alle som jobber med barn og unge. Få derfor med deg årets bildebokkonferanse og be med deg alle du er glad i, gjennom bilde og ord blir verden stor!

søndag 3. november 2013

Kva seier reven?



Svein Nyhus er i gong med å illustrere bildeboka ”Hva sier reven”. Bildeboka tek utgangspunkt i den kjente musikkvideoen til Ylvisbrødrenen. Her kan de sjå eit intervju med Nyhus, der ein får eit innblikk i korleis illustratøren tenker når han går i gong med eit nytt prosjekt.

Bli inspirert!

tirsdag 15. oktober 2013

Nytt om Kvitebjørnen!

"Me ynskjer å dra barn inn i ei fantasiverd der dei blir kjend med Rasmus Løland si forteljing", seier Anette Opheim og Kjersti Moe ved Ryfylkemuseet i Ryfylke.  

Den siste utgåva av Pirion er via dei gode forteljingane. Her kan de lesa om korleis barn møter Rasmus Løland si forteljing "Kvitebjørnen" i Ryfylkemuseet si utstilling.

Anette Opheim kjem på Bildebokkonferansen for å fortellje om dette vellukka utstillingsprosjektet!

Les heile artikkelen om Kvitebjørnen-utstillinga her


onsdag 9. oktober 2013

Gyrid Axe Øvsteng: Førstemamma på mars



HURRA! Me er så glade for at forfattar Gyrid Axe Øvsteng vil bidra på årets bildebokkonferanse med si nyaste og rykferske bildebok «Førstemamma på mars». No er programmet for årets bildebokkonferanse spekka av skattar frå bildebokfeltet. Skattane har til felles at dei uredde og direkte trekk fram utfordrande men viktige tema i dette unike formatet. Gå ikkje glipp av haustens høgdepunkt, som garantert vil bevege, røre og varme deg! 

Forfattar Gyrid Axe Øvsteng er, saman med illustratør Per Ragnar Møkleby, nett kome ut med bildeboka «Førstemamma på mars». Boka skildrar ei svært sår, men samtidig sterk forteljing om korleis ei lita jente opplever at mor er alvorleg sjuk. Gjennom ein sterk tekst og svært gripande bilde blir forteljinga skildra på ein måte som gjer at det er umulig ikkje å bli bevega. I årets bildebokkonferanase, med tema: Bildeboka som beveger, kunne me ikkje gå utanom denne fantastiske bildebokskatten. Me gler oss til å sjå og høyre Øvsteng formidle boka for oss!

torsdag 22. august 2013

Glimt frå Bildebokkonferansen 2012

Eit lite glimt frå Bildebokkonferansen 2012. Her er det Hilde Hodnefjeld og Vegard Markhus som held foredrag "Bildebok med hår på brystet" og "Tenk om ..og andre tanker". Kjekt var det, og kjekt blir det i år også!

Hugs å sett av torsdag 17. oktober til Bildebokkonferansen 2013!


tirsdag 6. august 2013

Hatten av for Jon Klassen!

I Dagbladet 5. august 2013, skriv Maya Troberg Djuve at bildeboka «Jeg vil ha hatten min tilbake « var et bildebokhøydepunkt i 2011. Boka er skreven av den kanadiske forfatteren Jon Klassens og vart kåra til ein av årets beste i New York Times.

No har Klassens kome med ei ny bok, «Dette er ikkje min hatt». Temaet «hatten» går att, men historia har fått ein litt anna vri. Gjennom svært forteljande og gripande illustrasjonar formidlar Klassens historia om den tjuvaktige litle fisken som stel den store fisken sin bowlerhatt mens han søv. Når hatten passar perfekt er vel alt i skjønneste orden?
Les heile artikkelen her:
Link til artikkelen i Dagbladet

fredag 10. mai 2013

Den digitale bildeboka


Hordan gikk det? av Tove Janson, Når alle sover av 
Nicolai Holm, illustrasjon Rune Markhus 
og Cinderella frå Nosy Crow 

Den digitale visuelle barnekulturen
Når vaksne snakkar om digital framtid, er dette for lengst barna si nåtid. Barn lev i ein kultur der dei blir visuelt bombardert kvar dag. Dette betyr ikkje at dei automatisk ervervar ei betre bildeforståing. Sansen for kvalitet veks fram gjennom faglig støtte i bildeavlesingssituasjonar, samt gjennom barnets eigen bildeskapande verksemd. Barn blir gode bildelesarar av å lage, vurdere og lese bilde, og på denne måten opparbeide medieerfaring og kompetanse.

Bildeboka
Bildeboka er et fleirmediaprodukt der tekst, bilde og design dannar ein heilskap. I dag eksperimenterer kunstnaren og illustratøren med nye teknikkar knytt til samtidas kunst- og kulturuttrykk. Bildeboka er, etter mi vurdering, ein eigna sjanger som utgangspunkt for arbeid med leseopplæring, bildelesing, estetisk oppleving og barns eigen tekst- og bildeskaping.

Bildeboka som applikasjon
Sal av bildebok som digitale applikasjonar (såkalla apps) har eksplodert. Mange av desse er eksisterande bildebøker som er overført til nettbrett, med ein opplesarstemme som tilleggsfunksjon. Slik kan små barn lese bøker utan vaksen frå dei er ganske små. Denne forma for adapsjon frå papirutgåve til e-bok er førebels den mest populære. Kanskje er det berre vaksne sitt nostalgiske forhold til papirboka som gjer at ein framleis held fast ved denne forma? 

Ved lesing av bildebøker i papirutgåver får forelderen den fulle merksemda frå barnet. Samstundes får eigenskapar som formatet på boka (stor eller liten, bredde eller høgde), papirtekstur og lukt spele ei rolle i den heilskapelege opplevinga av bildeboka. Sjølv om ein mister nokre dimensjoner ved adapsjonen til det digitale mediet, opnast det også for nye muligheiter. Her kan barn delta og skape sine egne historier, allereie frå dei er eit eller to år gamle.

Bildeboka i eit digitalt landskap
Bildeboka har streva med å bli anerkjent som eige medium. Den har lenge hamna mellom to stolar, mellom bildekunsten og litteraturen. No når bildeboka har etablert seg som eigen sjanger, må ho nok ein gong definer seg sjølv i møte med det nye digitale formatet. Bildebok som e-bok er ikkje bok, film eller spel åleine, men ein kombinasjon av desse. Bildeboka som e-bok er eit nytt og heilskapleg bildebokunivers.

Dette formatet manglar me kompetanse på. Her må foreldre og pedagogar delta slik at me blir kompetente til å legge til rette for god bruk av den mengde materiale som ligg tilgjengelig. Me må vite kva som er godt og kva som kjenneteiknar kvalitet. Kva skal til for at den litterære opplevinga oppretthaldas og vidareutviklast i eit nytt medium?

Det er gjort mange forsøk på dette, nokre gode, andre ikkje fullt så gode. Korleis skal ein adapsjon til eit nytt medium gå føre seg? Korleis kan formatet både forholda seg til det gamle samtidig som det skal vidareutviklast i det nye?

I artikkelen Bildebøker i et digitalt landskap (barnebokkritikken.no) deler Elise Seip Tønnesen den digital bilde-boka inn i tre ulike kategoriar:

Den fyrste kategorien er App som lydbok
Dette er eit høyrespel med bilde til. Her er det viktig at ein har nok bilde til at bilderytmen flyter godt i takt med lydmediet. Bilda bør vera rike. Det visuelle må holde på merksemda like lenge som opplesinga varer.

Det mest typiske eksemplet på tydelig gjenbruk av godt innearbeidet stoff er Karius og Baktus av Torbjørn Egner. Her får ein høyre Egners eigen forteljarstemme. Egners multimodale fortelling, med dramatiserte stemmer og musikk, egner seg godt til overføring. Et anna døme er Ruffen – serien til Tor Åge Bringsvær med teikningane til Thore Hansen. Her møter vi lett zooming og kamerarørsler som panorering og tilting. 

Boka Når alle sover av Nicolai Holm, med teikningar av Rune Markhus, har rike bilde som ein kan vera lenge i. Det er mykje tekst i denne boka, men sidan ein stadig kan oppdage nye ting i bilde, fungerer lydbildet og tekstbildet godt saman. Desse held like lenge på merksemda til lesaren. Boka er ei magisk forteljing om et uvanlig vennskap og om å tørre å gå sine eigne vegar.

Forlaga erfarer at dei bøkene som er mest tro mot bokformatet sel mest. Foreldre ønskjer tryggleik og ein motvekt til dei mange digitale spela, skriv Seip Tønnesen.

Den andre kategorien er App som spel (spinn-of produkter)
Dette er spel med utgangspunkt i litterære univers. Her er det ofte interaktive oppgåver som er plassert innafor ei forteljingsramme som minna om boka. Dømer på slike apper er Pippi frå bøkene til Astrid Lindgren og Gubben Pettersen Frå bøkene til Sven Nordquvist. Her får ein delta og leve seg inn i miljøa og karakterane frå dei kjente bøkene.

Den tredje kategorien er App som animert og klikkbart univers
Bildebokappen er her eit heilskapleg og litterært univers med plot og framdrift. Seip Tønnesen meiner dette er absolutt det mest spennande produktet. Her levendegjerast karakterane og ein får være med og løyse oppgåvene i historia og slik hjelpe hovudpersonane mot målet.

Døme på ei slik e-bok er Cinderella. Her kan ein klikke på og bli kjent med karakterane i historia. Det er tilfredsstillande å få hjelpe Askepott med å rydde, vaske og kle ste-søstrene til ball. Me kan også hjelpe feen med å trylle Askepott til prinsesse, samt med m.a. å velje kjole.

Dette er den type app som pedagogane ønskjer. Førskulelærar Cathrine Darre i Myrertoppen barnehage (http://myrertoppenbarnehage.blogspot.no) skriv at ho ønskjer at dei digitale verktøya skal brukast til noko meir enn å fortelle barna kva dei trenger å vite.  Ho ønskjer seg bort frå applikasjonar der en skal nå en masse førehandsdefinerte læringsmål. Gjennom faktaprega læring automatiseras lett kunnskap, utan at vi vet om ungane lærer noko. Ein bør i staden bruke teknologien til å skape engasjement hjå ungar ved at dei får bidrar sjølv, då vil dei lære meir.

Den gode digitale bildeboka
Bildeboka er opplagt ein tradisjon å bygge vidare på, men tilpassinga til eit nytt medium krev forståing for mediet. Dei beste bildebøkene på nettbrett er dei som tek godt vare på forteljinga, samtidig som dei gir mange muligheiter til å påverke det som skjer. Gode e-bildebøker skapar eit litterært univers og tek omsyn til mediets løfte om aktivitet. Me er i ei brytningstid der ein prøver å finne fram til ei god form på litterære apper for barn. Det krev ein vaken foreldre eller pedagog for å kunne orientere seg. Tilpassinga til eit nytt medium krev forståing for dei forventningane denne teknologien skaper hos brukaren. Appene konkurerar på ei internasjonal marknad, og i den mest kommersielle delen av marknaden fris det uhemma til barns medieerfaringar med heftig sansestimulering og mange handlingsmuligheiter. Slike apper fjernar seg frå den litterære opplevinga. Difor må me no bygge opp kunnskap og slik bli kompetente til å vurdere kva ein god litterær app skal vera.

torsdag 25. april 2013

Bjørn Arild Ersland

Bjørn Arild Ersland (f. 1965) har skrevet en rekke bøker for barn. Han skriver både fagbøker, bildebøker og lettlestbøker. I 2009 fikk han Skolebibliotekarprisen for sitt samlede forfatterskap av barne- og ungdomsbøker.

Inger Lise Belsvik

Inger Lise Belsvik (født. 1961) er en norsk grafiker, tegner og illustratør.
Hun har utdannelse i grafisk kommunikasjon fra Stavanger 1982-1985, illustrasjon fra Kingston University i England 1990-1991 og som hospitant ved Statens håndverks- og kunstindustriskole 1991-1992. Hun har også vært student ved Norsk barnebokinstitutts forfatterutdanning 2006-2007. Hun debuterte som forfatter med bildeboka Spring, hesten, spring! i 2010.

Belsvik har særlig illustrert barnebøker, både bildebøker, diktsamlinger, musikktrykk og kristen litteratur. Flere av titlene er utgitt på nynorskforlaget Samlaget. Mange av bokillustrasjonene er utført som linoleumssnitt med ekspressive og naivistiske motiv i samstemte farger. Hun bor og arbeider i Oslo.

Gry Moursund

Gry Moursund (f. 1969) er utdannet innen illustrasjon og grafisk design ved Statens håndverks- og kunstindustriskole og Royal College of Art i London. Hun har illustrert bildebøker siden 1999, og har mottatt en rekke priser for illustrasjonene sine, deriblant Brageprisen og gull for Årets vakreste bok. Tre ganger har hun mottatt Kulturdepartementets bildebokpris, senest i mars 2010 for Bukkene Bruse på badeland, som hun også fikk sølv for under Årets vakreste bøker.

Moursund er kjent for en vilter og fargerik stil, og legger seg ofte tett opptil barnets egen strek.



Årets bildebokkonferanse


Program fra tidligere bildebokkonferanser