Bildebokkonferansen

Bildebokkonferansen er et årlig arrangement ved Universitetet i Sørøst-Norge, avd. Notodden. Målet med konferansen er å skape engasjement og interesse for bildeboka. Vi vet at denne møteplassen er spesielt viktig for bevisstgjøring i bruk av bildebøker, og generelt at den er av stor betydning for alle som jobber med barn og unge. Få derfor med deg årets bildebokkonferanse og be med deg alle du er glad i, gjennom bilde og ord blir verden stor!

torsdag 22. mai 2014

Kva er ein god barnebok-app?

Høgskulelektor Ingrid Holmboe Høibo har fått 50.000 kroner i stipend frå Suldal Mållag og Ryfylkemuseet til å prøver å finna svaret på kva kvalitetar som må til i utviklinga av digitale bildebokapplikasjonar for at ein held intakt den litterære opplevinga.

– Det er veldig kjekt å få dette stipendet. Det gir motivasjon i seg sjølv, og ressursane gjer det mogeleg arbeide både med å fremja formidling av Løland sin barnelitterære forfattarskap og utvikle kompetanse på mediet bildebokapplikasjonar.

Les om prosjektet i artikkelen, Kva er ein god barnebok-app på Framtiden.no:

Link til heile artikkelen

fredag 9. mai 2014

Svein Nyhus på årets bildebokkonferanse

I år vil Bildebokkonferansen krinse rundt formidling av bildeboka og i den samanheng har me mellom anna fått illustratøren Svein Nyhus til å bidra med sine tankar om temaet og hint. Nyhus er ein glimrande illustratør og gjennom sine illustrasjonar meistrar han å løfte fram utfordrande og til tider vanskelege tema om mellom anna vald i heimen, psykisk sjukdom, og død. Saman med Kona Gro Dahle har han satt viktige og engasjerande tema om og for barn på dagsorden. 

Men Nyhus lagar også bøker og illustrasjonar som manar til undring og tankespinn. I sine siste bøker ”Hva sier reven” (saman med Ylvis) og ”Lars – serien” retter hans seg mot dei små borna gjennom sine poetiske og fabulerande illustrasjonar og tekstar.
får bildeboka "Lars danser" av Svein Nyhus

Me gler oss til å høyre Nyhus på årets bildebokkonferanse torsdag 30. oktober!


Sjå bloggen til Nyhus med presentasjon av hans arbeide med og tankar rundt illustrasjon og bildebok: til Svein Nyhus sin blogg

Stian hole kjem på Bildebokkonferansen 2014

fra Annas Himmel
Stian Hole er ein av våre fremste bildebokmakare og han blir lagt merke til både i inn- og utland. Særlig har bøkene om Garmann hausta prisar og heider med mellom anna tildeling av Brageprisen, Bokkunstprisen, Årets vakreste Bøker, Bologna Ragazzi Award og Dautscher Jugendliteraturpreis.

No er Hole igjen aktuell med ei ny bildebok. Denne gongen handlar det om jentungen Anna og pappa i Annas himmel. Desse to må ta avskjed med mamma og sjølv om det ikkje uttalast av mamma er død, er det desse assosiasjonane ein les ut av teksten og bilda. Pappa bærer på mykje sorg, men Anna tar han med gjennom holet i himmelen og ut på ei reis som tek dei med til stader pappa ikkje viste fantes.


Bildene i boka er svært poetisk og opnar opp for tolkning og fabulering. 

Sett av dagen torsdag 30. oktober og få med deg Holes presentasjon av sitt arbeid med bildebøkene.