Hordan gikk det? av Tove Janson, Når alle sover av
Nicolai Holm, illustrasjon Rune Markhus
og Cinderella frå Nosy Crow
|
Den digitale visuelle barnekulturen
Når vaksne snakkar om digital framtid, er dette for lengst barna si nåtid. Barn lev i ein kultur der dei blir visuelt bombardert kvar dag. Dette betyr ikkje at dei automatisk ervervar ei betre bildeforståing. Sansen for kvalitet veks fram gjennom faglig støtte i bildeavlesingssituasjonar, samt gjennom barnets eigen bildeskapande verksemd. Barn blir gode bildelesarar av å lage, vurdere og lese bilde, og på denne måten opparbeide medieerfaring og kompetanse.
Bildeboka
Bildeboka er et fleirmediaprodukt der tekst, bilde og design dannar
ein heilskap. I dag eksperimenterer kunstnaren og illustratøren med nye teknikkar
knytt til samtidas kunst- og kulturuttrykk. Bildeboka er, etter mi vurdering, ein
eigna sjanger som utgangspunkt for arbeid med leseopplæring, bildelesing,
estetisk oppleving og barns eigen tekst- og bildeskaping.
Bildeboka som applikasjon
Sal av
bildebok som digitale applikasjonar (såkalla apps) har eksplodert. Mange av desse
er eksisterande bildebøker som er overført til nettbrett, med ein
opplesarstemme som tilleggsfunksjon. Slik kan små barn lese bøker utan vaksen
frå dei er ganske små. Denne forma for adapsjon frå papirutgåve til e-bok er
førebels den mest populære. Kanskje er det berre vaksne sitt nostalgiske
forhold til papirboka som gjer at ein framleis held fast ved denne forma?
Ved lesing av bildebøker i papirutgåver får forelderen den fulle merksemda frå barnet. Samstundes får eigenskapar som formatet på boka (stor eller liten, bredde eller høgde), papirtekstur og lukt spele ei rolle i den heilskapelege opplevinga av bildeboka. Sjølv om ein mister nokre dimensjoner ved adapsjonen til det digitale mediet, opnast det også for nye muligheiter. Her kan barn delta og skape sine egne historier, allereie frå dei er eit eller to år gamle.
Ved lesing av bildebøker i papirutgåver får forelderen den fulle merksemda frå barnet. Samstundes får eigenskapar som formatet på boka (stor eller liten, bredde eller høgde), papirtekstur og lukt spele ei rolle i den heilskapelege opplevinga av bildeboka. Sjølv om ein mister nokre dimensjoner ved adapsjonen til det digitale mediet, opnast det også for nye muligheiter. Her kan barn delta og skape sine egne historier, allereie frå dei er eit eller to år gamle.
Bildeboka i eit digitalt landskap
Bildeboka
har streva med å bli anerkjent som eige medium. Den har lenge hamna mellom to
stolar, mellom bildekunsten og litteraturen. No når bildeboka har etablert seg som
eigen sjanger, må ho nok ein gong definer seg sjølv i møte med det nye digitale
formatet. Bildebok som e-bok er ikkje bok, film eller spel åleine, men ein
kombinasjon av desse. Bildeboka som e-bok er eit nytt og heilskapleg bildebokunivers.
Dette
formatet manglar me kompetanse på. Her må foreldre og pedagogar delta slik at
me blir kompetente til å legge til rette for god bruk av den mengde materiale
som ligg tilgjengelig. Me må vite kva som er godt og kva som kjenneteiknar kvalitet.
Kva skal til for at den litterære opplevinga oppretthaldas og vidareutviklast i
eit nytt medium?
Det er gjort
mange forsøk på dette, nokre gode, andre ikkje fullt så gode. Korleis skal ein
adapsjon til eit nytt medium gå føre seg? Korleis kan formatet både forholda
seg til det gamle samtidig som det skal vidareutviklast i det nye?
I artikkelen
Bildebøker i et digitalt landskap (barnebokkritikken.no)
deler Elise Seip Tønnesen den digital bilde-boka inn i tre ulike kategoriar:
Den fyrste kategorien er App som lydbok
Dette er eit
høyrespel med bilde til. Her er det viktig at ein har nok bilde til at
bilderytmen flyter godt i takt med lydmediet. Bilda bør vera rike. Det visuelle
må holde på merksemda like lenge som opplesinga varer.
Det mest typiske eksemplet på tydelig gjenbruk av godt innearbeidet
stoff er Karius og Baktus
av Torbjørn
Egner. Her får ein høyre Egners eigen forteljarstemme. Egners
multimodale fortelling, med dramatiserte stemmer og musikk, egner seg godt til
overføring. Et anna døme er Ruffen – serien til Tor Åge Bringsvær
med teikningane til Thore Hansen. Her møter vi lett zooming og
kamerarørsler som panorering og tilting.
Forlaga
erfarer at dei bøkene som er mest tro mot bokformatet sel mest.
Foreldre ønskjer tryggleik og ein motvekt til dei mange digitale spela, skriv
Seip Tønnesen.
Den andre kategorien er App som spel (spinn-of produkter)
Dette er spel
med utgangspunkt i litterære univers. Her er det ofte interaktive oppgåver som
er plassert innafor ei forteljingsramme som minna om boka. Dømer på slike apper
er Pippi frå bøkene til Astrid
Lindgren og Gubben Pettersen Frå
bøkene til Sven Nordquvist. Her får ein delta og leve seg inn i miljøa og
karakterane frå dei kjente bøkene.
Den tredje kategorien er App som animert og
klikkbart univers
Bildebokappen
er her eit heilskapleg og litterært univers med plot og framdrift. Seip
Tønnesen meiner dette er absolutt det mest spennande produktet. Her
levendegjerast karakterane og ein får være med og løyse oppgåvene i historia og
slik hjelpe hovudpersonane mot målet.
Døme på ei
slik e-bok er Cinderella. Her kan ein
klikke på og bli kjent med karakterane i historia. Det er tilfredsstillande å
få hjelpe Askepott med å rydde, vaske og kle ste-søstrene til ball. Me kan også
hjelpe feen med å trylle Askepott til prinsesse, samt med m.a. å velje kjole.
Dette er den
type app som pedagogane ønskjer. Førskulelærar Cathrine Darre i Myrertoppen barnehage (http://myrertoppenbarnehage.blogspot.no) skriv at ho ønskjer at dei
digitale verktøya skal brukast til noko meir enn å fortelle barna kva dei
trenger å vite. Ho ønskjer seg bort frå applikasjonar
der en skal nå en masse førehandsdefinerte læringsmål. Gjennom faktaprega
læring automatiseras lett kunnskap, utan at vi vet om ungane lærer noko. Ein
bør i staden bruke teknologien til å skape engasjement hjå ungar ved at dei får
bidrar sjølv, då vil dei lære meir.
Den gode digitale bildeboka
Bildeboka er
opplagt ein tradisjon å bygge vidare på, men tilpassinga til eit nytt medium
krev forståing for mediet. Dei beste bildebøkene på nettbrett er dei som tek
godt vare på forteljinga, samtidig som dei gir mange muligheiter til å påverke
det som skjer. Gode e-bildebøker skapar eit litterært univers
og tek omsyn til mediets løfte om aktivitet. Me er i ei brytningstid der ein prøver å
finne fram til ei god form på litterære apper for barn. Det
krev ein vaken foreldre eller pedagog for å kunne orientere seg. Tilpassinga til
eit nytt medium krev forståing for dei forventningane denne teknologien skaper
hos brukaren. Appene konkurerar på ei internasjonal marknad, og i den mest
kommersielle delen av marknaden fris det uhemma til barns medieerfaringar med
heftig sansestimulering og mange handlingsmuligheiter. Slike apper fjernar seg frå den
litterære opplevinga. Difor må me no bygge opp kunnskap og slik bli kompetente
til å vurdere kva ein god litterær app skal vera.