Bildebokkonferansen

Bildebokkonferansen er et årlig arrangement ved Universitetet i Sørøst-Norge, avd. Notodden. Målet med konferansen er å skape engasjement og interesse for bildeboka. Vi vet at denne møteplassen er spesielt viktig for bevisstgjøring i bruk av bildebøker, og generelt at den er av stor betydning for alle som jobber med barn og unge. Få derfor med deg årets bildebokkonferanse og be med deg alle du er glad i, gjennom bilde og ord blir verden stor!

onsdag 17. desember 2014

Å formidle bildebokapplikasjonar til barn


Barn brukar nettbrett mykje
Dei siste fem åra har salet og konsumet av bildebokapplikasjonar eksplodert. Særleg barn har fått stor tilgang til, brukar dette mediet mykje.  Barnet finn i stor grad fram til dei applikasjonane dei ønskjer å bruke sjølv. Dei lev i ein kultur der dei blir visuelt bombardert kvar dag, og dei manøvrerer i den på intuisjon. Nettbrett spelar nettopp på denne intuitive måten å manøvrere på. Ofte er det gjenkjennelege figurar, stereotypar og spin-off produkt frå tv og film som blir valt til fordel for etterkvert fleire utfordrande og mangfaldige visuelle og tekstlege uttrykk.

Likevel er det mange som framleis meiner at ein app er ein app og at "å gjer iPad" i stor grad handlar om tidtrøyte, barnevakt og negativ bruk av tid. Ein skil altså ikkje på kva denne bruke går ut på.

Den kompetente vaksne bør komme på banen og engasjere seg i formidlinga av bildebokapplikasjonar til born. Det finns etterkvert ei mengde litterære og visuelle opplevingar, tilgjengeleg som app, som barnet fortener å presenterast for.

Ein jungel av bildebøker
Om den vaksne skal ta på seg rolla som formidlar og tilretteleggar for litterære og visuelle opplevingar, er kanskje den største utfordringa å finne fram til kvalitetsbøkene.

Søk i appstore etter "barnebok"
Søker ein vilkårleg på appstore, eller googleplay etter barnebok, er det fyrst og fremst dei kommersielle bildebøkene som dukkar opp. Særleg er det mang bildebokapplikasjonar som baserer seg på kjente eventyr og forteljingar der opphavsretten er gått ut. T.d. fins det eit uttall variantar av «Rødhette og ulven». Dette kjem kanskje av at fleire har lært seg eit minimum av den tekniske kompetansen som skal til for å lage slike apper. Ein får også inntrykk av at dei her har eit minimum av visuell kompetanse. Dei spelar difor på klisjé-aktige uttrykk, sjablongar og fattige bilde. Ofte brukar desse apalviklarane det som er av effektar, og resultatet blir heftige sansestimmulering som endar opp i bråk og kaos - utan innhald. Det er med andre ord mykje ræl. Så korleis skal ein finne fram til skattane?

Manglande kritikk og manglande omgrep
I artikkelen "Den vanskelege barnebokapplikasjonskritikken" (barnebokkritikken.no) skriv Atle Berg at kritikken av norske barnebokappar nesten er fråverande. Sjølv om dei fleste forlaga no har kome i gong med å lage og tilby bildebokapplikasjonar, manglar me kriterier, og omgrep for å gjenkjenne kvalitet. Sjølv om omfanget av bokapplikasjonar aukar, og salget og bruken aukar, blir det ikkje møtt med tilsvarande engasjement frå litteraturkritikken. Ofte blir dei berre omtala med ein kort presentasjon, ofte med fokus på funksjonslyte og eit terningkast, kritikken tar ikkje opp den litterære eller visuelle kvalliteten.

Det er skremmande at ikkje forbrukarane, born, foreldre eller pedagogar  får eit vokabular og kriterier å støtte seg på når ein skal manøvrere i denne jungelen av skattar og støy.

Tre kategoriar for vurdering av bildebokapplikasjonar
Litteraturvitar Elise Seip Tønnesen har gjort eit forsøk på å kategorisere den digitale bildeboka i tre ulike kategoriar (barnebokkritikken.no)
Bildebokapplikasjonen "Pippi"

Den fyrste kategorien er App som lydbok
Dette er eit høyrespel med bilde til. Her er det viktig at ein har nok bilde til at bilderytmen flyter godt i takt med lydmediet. Bilda bør vera rike. Det visuelle må holde på merksemda like lenge som opplesinga varer. Her er det mykje gjenbruk av kjent stoff, som "Karius og Baktus" av Torbjørn Egner og "Ruffen" – serien til Tor Åge Bringsvær med teikningane til Thore Hansen. I sistnemnte møter vi og lett zooming og kamerarørsler som panorering og tilting. 

Og nokre nyare bildebokapplikasjonar hamnar under  denne kategorien som Boka "Når alle sover" av Nicolai Holm, med teikningar av Rune Markhus. Denne boka har rike bilde som ein kan vera lenge i. Forlaga erfarer at dei bøkene som er mest tro mot bokformatet sel mest. Foreldre ønskjer tryggleik og ein motvekt til dei mange digitale spela.

Den andre kategorien er App som spel (spinn-of produkter)
Desse bildebokapplikasjonane er spel med utgangspunkt i litterære univers. Her er det ofte interaktive oppgåver som er plassert innafor ei forteljingsramme som minna om boka. Eksempel på slike apper er "Pippi" frå bøkene til Astrid Lindgren og "Gubben Pettersen" frå bøkene til Sven Nordquvist. Her får ein delta og leve seg inn i miljøa og karakterane frå dei kjente bøkene.

Bildebokapplikasjonen "Maja og det magiske speilet"
Den tredje kategorien er App som animert og klikkbart univers
Bildebokappen er her eit heilskapleg og litterært univers med plot og framdrift. Her levendegjerast karakterane og ein får være med og løyse oppgåvene i historia og slik hjelpe hovudpersonane mot målet. Døme på slike bildebokapplikasjonar er fleire frå apputviklaren Nosy Crow, t.d "Cinderella/ Askepot, dei tre små griser, Jack og bønnestengelen". Her kan ein klikke på og bli kjent med karakterane i historia og t.d. hjelpe Askepott med å rydde, vaske og kle ste-søstrene til ball. Me har og norske bildebokapplikasjonar som "Maja og det magiske speilet". Det særeigne med sistnemnde er at historia ikkje er linjær.

Appen som pedagogane ønskjer
Førskulelærar og pedagog Cathrine Darre i Myrertoppen meiner også om apper (myrertoppenbarnehage). Ho skriv at pedagogane ønskjer at digitale verktøy skal brukast til noko meir enn å fortelle barna kva dei trenger å vite.  Ho ønskjer seg bort frå applikasjonar der en skal nå en masse førehandsdefinerte læringsmål. Gjennom faktaprega læring automatiseras lett kunnskap, utan at vi vet om ungane lærer noko. Ein bør i staden bruke teknologien til å skape engasjement hjå ungar ved at dei får bidrar sjølv, då vil dei lære meir.

Dette er eit veldig krevjande og kostbart ønskje for app-utvikklarane. Forlaga brukar ofte same mal på ulike historier, for å spare pengar, slik får alle historiene same form.

Bildebokapplikasjonen "Når alle sover"
Kvalitetskjenneteikn på bildebokapplikasjon
Me er i ei brytningstid der ein prøver å finne fram til ei god form på bildebokapplikasjonar. Det krev ein vaken foreldre eller pedagog for å kunne orientere seg, og for å kunne orientere seg treng ein kompetanse og kvalitetskjenneteikn.

Bildebokapplikasjonen "Nighty night"
Tilpassinga til eit nytt medium krev forståing for dei forventningane denne teknologien skaper hos brukaren, både når det gjelder litterær og visuell kvalitet. I tillegg må ein også forholde seg til kvalliteten på lyd – i form av lydbilde og opplesarstemme, bevegelse og interaksjon. Der bildeboka tidlegare har streva med å finne sin plass mellom bildekunsten og litteraturen, og der det særskilde kjem fram i møtet med bilde og tekst, står den no på ny overfor nye og fleire komponentar som skal fungere i ein heilskap. Bøkene som opprettheld og formidlar gode litterære og visuelle opplevingar samtidig som dei tek i bruk moglegheitene i det dette nye mediet på ein hensiktsmessig måte, er dei som løftar bildebokfeltet og bringer det vidare.

To gode bildebokapplikasjonar til slutt
Stian Hole sin "Garmans sommer" er ein bildebokapplikasjon som er nær ”App som lydbok”, med stille animasjonar som beriker det visuelle uttrykket samt lyd-effektar som utvidar lese-opplevinga. Omgjøringa fra app til bok er gjor på ein stille og elegant måte med stor respekt for utgangspunktet

Bildebokapplikasjonen "Kubbe lager skyggeteater"
"Kubbe lager skyggeteater" er ei av dei mest anerkjente norske bildebokapplikasjonane. Den var også fyste digitale vinnar av Grafills  ”Årets vakreste bøker”. Forfattar og illustratør Åshild Kanstad Johansen har samarbeid med animatør og programerer i utviklinga av bildebokapplikasjonen.

I Grafills juryegrunngjeving står det om denne bildebokapplikasjonen at den er, ”En av få norske barnebokapper som virkelig utnytter formatet og muligheitene app-mediet har til å fortelje ei historie. Variert, samtidig som alle effektane er motivert av forteljinga. Det er ingenting som forstyrrar. Og den lar seg ikkje overføre til papirformatet utan at mykje av opplevinga går tapt. Den er ikkje spel, eller film, men held fast ved ei litterær oppleving.”


Nyt gode bildebokapplikasjonar i jula!



onsdag 24. september 2014

Erna Osland kjem på bildebokkonferansen

Barne- og ungdomsforfattaren Erna Osland har nett avslutta eit bildeboksamarbeid med illustratøren Ingre Lise Belsvik. Resultatet vart den fascinerande og lærerike boka Under ein stein. Boka tar føre seg dei vanlegaste billene og småkrypa me kan finne under steiner i vår eigen hage.

Det er ikkje fyrste gongen Osland tar på seg å formidle kunnskap om natur og dyra som lever i den for born. Tidlegare har ho skrevet faktabøker om dyr i Skarpe tenner, Fint å ha far, Dyrebare vener, Vener med venger mfl.

Me gler oss til å høyre Erna Osland fortelje frå sitt lange forfattarskap på årets Bildebokkonferanse. Konferansen har dessutan har latt seg inspirer av Oslands siste bok i val av tittel: Å løfte på steiner.

torsdag 22. mai 2014

Kva er ein god barnebok-app?

Høgskulelektor Ingrid Holmboe Høibo har fått 50.000 kroner i stipend frå Suldal Mållag og Ryfylkemuseet til å prøver å finna svaret på kva kvalitetar som må til i utviklinga av digitale bildebokapplikasjonar for at ein held intakt den litterære opplevinga.

– Det er veldig kjekt å få dette stipendet. Det gir motivasjon i seg sjølv, og ressursane gjer det mogeleg arbeide både med å fremja formidling av Løland sin barnelitterære forfattarskap og utvikle kompetanse på mediet bildebokapplikasjonar.

Les om prosjektet i artikkelen, Kva er ein god barnebok-app på Framtiden.no:

Link til heile artikkelen

fredag 9. mai 2014

Svein Nyhus på årets bildebokkonferanse

I år vil Bildebokkonferansen krinse rundt formidling av bildeboka og i den samanheng har me mellom anna fått illustratøren Svein Nyhus til å bidra med sine tankar om temaet og hint. Nyhus er ein glimrande illustratør og gjennom sine illustrasjonar meistrar han å løfte fram utfordrande og til tider vanskelege tema om mellom anna vald i heimen, psykisk sjukdom, og død. Saman med Kona Gro Dahle har han satt viktige og engasjerande tema om og for barn på dagsorden. 

Men Nyhus lagar også bøker og illustrasjonar som manar til undring og tankespinn. I sine siste bøker ”Hva sier reven” (saman med Ylvis) og ”Lars – serien” retter hans seg mot dei små borna gjennom sine poetiske og fabulerande illustrasjonar og tekstar.
får bildeboka "Lars danser" av Svein Nyhus

Me gler oss til å høyre Nyhus på årets bildebokkonferanse torsdag 30. oktober!


Sjå bloggen til Nyhus med presentasjon av hans arbeide med og tankar rundt illustrasjon og bildebok: til Svein Nyhus sin blogg

Stian hole kjem på Bildebokkonferansen 2014

fra Annas Himmel
Stian Hole er ein av våre fremste bildebokmakare og han blir lagt merke til både i inn- og utland. Særlig har bøkene om Garmann hausta prisar og heider med mellom anna tildeling av Brageprisen, Bokkunstprisen, Årets vakreste Bøker, Bologna Ragazzi Award og Dautscher Jugendliteraturpreis.

No er Hole igjen aktuell med ei ny bildebok. Denne gongen handlar det om jentungen Anna og pappa i Annas himmel. Desse to må ta avskjed med mamma og sjølv om det ikkje uttalast av mamma er død, er det desse assosiasjonane ein les ut av teksten og bilda. Pappa bærer på mykje sorg, men Anna tar han med gjennom holet i himmelen og ut på ei reis som tek dei med til stader pappa ikkje viste fantes.


Bildene i boka er svært poetisk og opnar opp for tolkning og fabulering. 

Sett av dagen torsdag 30. oktober og få med deg Holes presentasjon av sitt arbeid med bildebøkene. 

onsdag 19. februar 2014

Dato og tema for Bildebokkonferansen 2014

Bildebokkonferansen 2014 er i ferd med å ta form, og dato for årets konferanse er torsdag 30. oktober. Hold av dagen og følg oss på bloggen for mer informasjon om innhold og foredragsholdere. Vi kan foreløbig røpe at Stian Hole er en av årets bidragsytere!